Kommunalsjef/oppvekstsjef, Tysnes Kommune

Kode: 20719
Denne annonsen er utgått på dato

Tysnes kommune er ei øygruppe litt sør for Bergen, med eit samla areal på 255 km2. Innbyggjartalet er om lag 2800. Kommunen er landfast over Lukksund bru. Det er gode kommunikasjonar. Reisetida til Bergen er om lag 1 time og 20 min., og til Stord om lag 35 min. Frå Bergen køyrer du E 39 til Halhjem og tek ferje til Våge.

Kommunalsjef/oppvekstsjef 100 % - heimel 2001

I samband med at noverande oppvekstsjef ønskjer å gå av med AFP har Tysnes kommune ledig stilling.

Oppvekstsjefen har på vegner av rådmannen det daglege administrative leiaransvaret for skular, barnehagar, kulturskule og vaksenopplæring. Stillinga er ein del av rådmannen si toppleiargruppe. Tysnes kommune er inne i ei tid der me vurderer alternative måtar å organisera verksemda på, det vert føresett at oppvekstsjef går aktivt inn i ein slik strategisk prosess.

Tysnes kommune har i dag fire skular, fire barnehagar og kulturskule. Det vart utarbeidd ein skulebruksplan i 2011 som kan gje grunnlag for strukturelle endringar. Kommunen deltek i eit regionalt samarbeid om skular og barnehagar, samarbeidet er knytt til Midthordland kompetanseregion.

Hovudoppgåver:
- Ansvar for overordna planlegging, oppfølging av arbeidsgjevarstrategi, budsjett og økonomiarbeid.
- Overordna ansvar for drift av barnehagar, SFO, grunnskule, kulturskule og vaksenopplæring.
- Sakshandsaming innan arbeidsområde.
- Oppvekstsjef møter fast i utval for oppvekst/omsorg og kommunestyre, møter i formannskap etter behov.
- Aktiv deltaking i sektorovergripande prosjekt og utvikling av kommuneorganisasjonen.
- Oppvekstsjefen har elles ansvar for å organisera arbeidet i etaten for å sikra at ressursane vert disponerte rett i høve til dei ulike delane av etaten sitt ansvarsområde.
- Stillinga kan verta endra som følgje av aktuelle søkjarar sin kompetanse og ut frå pågåande utviklingsprosessar i kommunen.

Kvalifikasjonar:
- Høgare utdanning innan pedagogikk, juss, økonomi eller tilsvarande.
- Røynsle frå arbeid som leiar eller tilsvarande arbeid.
- Personlege eigenskapar vil verta tillagt vekt i tilsetjinga. Det vil i særskild grad verta lagt vekt på gode samarbeidsevner, fleksibilitet og løysingsorientering.
- God kjennskap til offentleg sektor er ein føremon.
- Det vert føresett at den som vert tilsett har god munnleg og skriftleg framstillingsevne.

For stillinga tilbyr me:
• Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver, med utviklingsmoglegheiter.
• Løn etter avtale.
• Gode arbeidstidsordningar.
• Svært gode pensjons- og forsikringsordningar.
• Flyttegodtgjersle.
• Me kan yta hjelp til å skaffa bustad.

Det vert teke atterhald om endeleg stillingsnemning.

For nærare opplysningar om stillinga, kan du ta kontakt med rådmann Amundsen tlf. 53 43 70 20/992 25 785 eller ass. rådmann Dalland tlf. 53 43 70 14/970 46 500.

Søknad med rettkjende kopiar av vitnemål og attestar vert å senda Tysnes rådmannskontor, Rådhuset, 5685 Uggdal.

Søknadsfrist: 25.02.12.

Vennligst referer til Skift.no i søknaden.

Fakta om stillingen

Firma Tysnes Kommune
Nettside Trykk her
Sted 5685 Uggdal
Tittel Kommunalsjef/oppvekstsjef, Tysnes Kommune
Kategori Administrasjon/Kontor/Personal
  Administrativ ledelse
Kategori Kunst/Kultur
  Annet
Kategori Offentlige tj./Forvaltning
  Kirke/Undervisning/Forskning
Kategori Utdanning/Undervisn./Forskn.
  Grunnskole
Kategori Utdanning/Undervisn./Forskn.
  Voksenopplæring/Kurs
Kategori Utdanning/Undervisn./Forskn.
  Barn & oppvekst

Kontakt

Kontakt Steinar Dalland
Tittel Assisterende Rådmann
Telefon 53 43 70 14
Mobil 970 46 500

Kontakt

Kontakt Amundsen
Telefon 53 43 70 20
Mobil 992 25 785
Jobbtelegrafen AS, Torsvik, 5337 Rong, Telefon 970 07 168
Mail: post@lederjobb.no
Personvernerklæring