Fylkesutdanningssjef, Møre og Romsdal fylkeskommune

Kode: 20707
Denne annonsen er utgått på dato

Møre og Romsdal fylkeskommune løyser sentrale utviklings- og forvaltningsoppgåver i ein regional organisasjon - i nært samspel med kommunar, næringsliv og organisasjonar. Vi skal vere ein god tenesteytar for innbyggjarane og ein tydeleg medspelar i utviklinga av fylket. Vårt samfunnsoppdrag byggjer på verdiane respekt, likeverd, medråderett, fellesskapsansvar og open organisasjon.

 

Fylkesutdanningssjef

Er du vår neste fylkesutdanningssjef ?

Du får då ansvar for unike samfunnsoppdrag, som berre fylkeskommunen har. Gjennom regionalt utviklingsarbeid og utdanning er vi med å utvikle samfunnet i Møre og Romsdal og framtidas samfunnsborgarar. Frå 01.07.12 blir ei av våre mest spanande og krevjande leiarstillingar ledig når fylkesutdanningssjefen går av med pensjon.

Fylkesutdanningssjefen er øvste leiar for utdanningssektoren og har det administrative skoleeigaransvaret for dei vidaregåande skolane i fylket, vidaregåande opplæring i bedrift og fagskole. Verksemda blir styrt ut i frå prinsippa om kvalitetsleiing og mål- og rammestyring. Sektoren har ei samla økonomisk ramme på 1.4 mrd kroner. Ass. fylkesutdanningssjef er nestleiar og utgjer toppleiarnivået i sektoren saman med fylkesutdanningssjefen.

Utdanningsektoren har om lag 2000 tilsette fordelt på 23 vidaregåande skolar, 2 fagskolar og utdanningsavdelinga i sentraladministrasjonen. Vi har om lag 9 400 elevar i dei vidaregåande skolane og 450 studentar i fagskolane. Gjennom vidaregåande opplæring i bedrift følgjer vi opp vel 2000 lærlingar fordelt på 1300 godkjente lærebedrifter.

Sentrale utfordringar for sektoren er å:
• sikre at dei unge opplever tilpassa opplæring, kvalitet, heilskap og samanheng i opplæringa og eit godt
lærings- og arbeidsmiljø
• auke gjennomføringsgraden i vidaregåande opplæring 
• sikre at minst 90% av ungdommen får oppfylt førsteønsket om vidaregåande opplæring i ein tilbodsstruktur
som imøtekjem etterspurnaden etter kompetanse i arbeidslivet
• auke tilgangen på læreplassar og sikre høg kvalitet på opplæringa for lærlingane
• sikre god tilbodsstruktur og opplæringskvalitet i fagskolane
• sikre rekruttering og utvikling av kompetent arbeidskraft til sektoren

Møre og Romsdal fylkeskommune skal vere ein kvalitets- og resultatorientert organisasjon med tydeleg kultur for læring og utvikling. Å ta i bruk nye arbeids- og samhandlingsformer og utvikle felles identitet og medarbeidarskap står sentralt i fylkeskommunens arbeidsgivarpolitikk. Det vil bli lagt vekt på relasjonell leiing og at fylkesutdanningssjefen skal vere tett på sine underordna einingsleiarar og andre samhandlingspartnarar både internt og eksternt.

Kvalifikasjonar:

• Høgare utdanning
• Erfaring frå offentleg sektor og kunnskap om pedagogisk verksemd
• Solid leiarerfaring, med dokumenterte resultat
• Strategisk evne og utviklingsdriv
• Relasjonelle- og kommunikative evner vil bli vektlagt

Vi tilbyr:

• Ei utfordrande stilling i ein dynamisk organisasjon
• Løn etter avtale
• Tilsetting på fylkeskommunale vilkår og offentleg pensjonsordning

Søknad:

Vi ber om at søkjar sender søknad elektronisk. 

Søknadsfrist: 01.03.2012

Vennligst referer til Skift.no i søknaden.

Fakta om stillingen

Firma Møre Og Romsdal Fylkeskommune
Nettside Trykk her
Sted 6404 Molde
Tittel Fylkesutdanningssjef, Møre og Romsdal fylkeskommune
Kategori Administrasjon/Kontor/Personal
  Administrativ ledelse
Kategori Offentlige tj./Forvaltning
  Kirke/Undervisning/Forskning
Kategori Utdanning/Undervisn./Forskn.
  Videregående skole

Kontakt

Kontakt Dag Lervik
Tittel personalsjef
E-post dag.lervik@mrfylke.no
Telefon 71258430

Kontakt

Kontakt Ottar Brage Guttelvik
Tittel fylkesrådmann
E-post ottar.brage.guttelvik@mrfylke.no
Telefon 71258704

Vis din interesse for stillingen

Dette kan være interessant, kontakt meg om jeg er aktuell! Send min LinkedIn-profil til rekrutteringsansvarlig.
Jobbtelegrafen AS, Torsvik, 5337 Rong, Telefon 970 07 168
Mail: post@lederjobb.no
Personvernerklæring