- Asker
- Gjøvik
- Hammerfest
- Haugesund
- Hyllestad
- Kvinnherad
- Mandal
- Narvik
- Oslo
- Sandnes
- Sarpsborg
- Steigen
- Sund
- Ullensvang
- Vestby


Ja, då har vi rette jobben for deg som plan- og utviklingsjef. Stillinga er i første omgang eit vikariat i 1 år frå 1.4.2012, med mogelegheit for fast tilsetting etter endt vikariat.
Kjem du til Hyllestad, så kjem du til ein kommune som kan tilby innbyggjarane sine eit godt og velfungerande offentleg tilbod. Enten du er barn, ungdom, vaksen eller pensjonist skal vi legge til rettes slik at du kan bli ein medspelar i eit samfunn med mange positive sider.
Eininga har m.a. ansvar for forvaltning av regelverket i plan- og bygningslova, både plandelen og byggesaksdelen, landbruk- og skogforvaltninga, kart- og oppmålingstenesta, kultur, bibliotek og frivilligsentralen. Drift- og vedlikehaldavdelinga ligg til staben. Stillinga inngår i administrasjonssjefen si leiargruppe.
Du må ha relevant høgare utdanning og praksis, gjerne ingeniør/sivilingeniør. I tillegg må du ha leiarerfaring, og helst kunnskap om offentleg forvaltning og relevant regelverk. Du bør ha gode IT-kunnskapar.
Vi ser etter deg som er;
• Sjølvstendig, men òg kan arbeide i team.
• Løysingsfokusert.
• Samarbeidsvillig og fleksibel.
• Er god skriftleg og muntleg, god på kommunikasjon og oppteken av relasjonar.
• Kan sjå dei raude trådane, tenkje langsiktig, men òg ha auge for detaljar.
Vi kan tilby
Ei utfordrande leiarstilling der du får brukt deg sjølv. Løn etter avtale og ei veke ekstra ferie. Innmelding i ei av Norges beste pensjonsordningar, KLP, elles tilsetting på vanlege kommunale vilkår.
Vel møtt som søkjar!
SØKNADSFRIST: 12.02.2012
Vennligst referer til Skift.no i søknaden.