- Asker
- Gjøvik
- Hammerfest
- Haugesund
- Hyllestad
- Kvinnherad
- Mandal
- Narvik
- Oslo
- Sandnes
- Sarpsborg
- Steigen
- Sund
- Ullensvang
- Vestby


Me har ledig 100 % fast stilling som ingeniør/prosjektleiar frå 1.8.2012 eller etter nærare avtale.
Arbeidsoppgåver
Me har arbeidsoppgåver knytt til matrikkellova, kart/GIS og oppmåling, arealplanlegging (reguleringsplanar) og byggesaker. Brannsjef-funksjonen kan òg leggast til stillinga.
I tillegg til dette har vi prosjekt (planlegging, prosjektering, byggeleiing) knytta til VA (vatn/avlaup) og kommunale bygg (skule/barnehage). Det kan nemnast at kommunen står framfor store vassverkutbyggingar.
Desse arbeidsoppgåvene kan drøftast nærare ut frå di utdanning, kvalifikasjonar og ønskje.
Kvalifikasjonar for stillinga
Me søkjer etter deg med relevant høgare utdanning, ev. teknisk fagskule innan etterspurde fagområde. Søkjarar med lang relevant erfaring kan òg vere aktuelle for stillinga. Gode IT-kunnskapar og kjennskap til bruk av GIS i plan- og prosjektarbeid er ein fordel.
Du må kunne jobbe både i team og sjølvstendig, samt vere strukturert. Det er viktig å vere fleksibel og ha evne til å skape gode relasjonar både til brukarar og kollegaer.
Hyllestad kommune kan tilby
Ein interessant og utviklande jobb i eit triveleg arbeidsmiljø og gode samarbeidsforhold. Tilsetting på vanlege kommunale vilkår. Medlemsskap i ei av Noregs beste pensjonskassar; KLP.
Me ser fram til din søknad!
Søknadsfrist: 4.3.2012
Vennligst referer til Skift.no i søknaden.