Avdelingsleiar/forskingsleiar, Bioforsk

Kode: 17928
Denne annonsen er utgått på dato

Bioforsk er eit landsdekkande forskingsinstitutt med hovudfokus på trygg matproduksjon, reint miljø og auka verdiskaping. Instituttet legg vekt på langsiktig ressursforvalting, internasjonalisering og brei kontakt med brukarar og kundar. Bioforsk er tilstades i alle landsdelar med om lag 460 medarbeidarar. Hovedkontoret ligg i Ås i Akershus.

Bioforsk Aust Løken i Øystre Slidre kommune har eit særskilt ansvar for landbruket og tilknyta næringar i fjellbygdene. Hovudoppgåva er å bidra til å utvikle eit multifunksjonelt og berekraftig landbruk med vekt på grovfôrdyrking og kulturlandskap. Det omfattar tema innan beitebruk, næringsforsyning, matkvalitet og klima. Landbruk i verneområde og grøn turisme er nye satsingsområde. Løken er dessutan ein viktig feltstasjon for testing av planter i hardført klima.

Arbeidet er i stor grad prosjektorientert. Det er i dag 13 tilsette på Løken.

På grunn av pensjonering søkjer vi frå medio 2010:

Avdelingsleiar/forskingsleiar

"Landbruk i fjellbygdene" er ein fagseksjon i Bioforsk Aust, lokalisert til Løken, der avdelingsleiaren har det faglege og administrative ansvaret.

Vi søkjer person med relevant og solid kompetanse minst på mastergradsnivå, og med fagleg innsikt og engasjement for å vidareutvikle landbruket og tilknyta næringar i fjellbygdene gjennom berekraftig bruk av naturressursane. Det geografiske arbeidsområdet strekkjer seg frå Agder i sør til Trøndelag i nord. For å kunne ivareta eit nasjonalt ansvar er god kontakt med næringsliv, forskingsmiljø og forvaltning både regionalt og nasjonalt viktig. Stillinga inneber eigen fagleg aktivitet.

Leiarstillinga ligg administrativt under direktøren for Bioforsk Aust, som er lokalisert til Apelsvoll på Kapp, Østre Toten. For å følgje opp St.meld. nr 25, (2008-2009) om distrikts- og regionalpolitikken, er det aktuelt å utvide og byggje opp ny fagkompetanse på Løken.

Vi søkjer ein resultatorientert person med leiarerfaring og gode samarbeidsevner. Løken er ei forskingsavdeling med gode fasilitetar og med eit godt arbeids- og fagmiljø som gjev moglegheiter for fagleg utvikling.

Stillinga vert løna som avdelingsleiar, lønnskode 1407 i lønnstrinn 58-70, (kr 446 700 - kr 558 000) etter kvalifikasjonar. For stillinga gjeld medlemskap i Statens Pensjonskasse.

Nærmare opplysingar om stillinga ved avdelingsleiar Håkon Skarstad, haakon.skarstad@bioforsk.no tlf. (+47)40622926 eller direktør Ingvar Hage, ingvar.hage@bioforsk.no tlf. (+ 47) 917 79 022.

Søknad sendast til Bioforsk Aust, Apelsvoll, 2849 Kapp,
Eller pr. e-post: apelsvoll@bioforsk.no, innan 6. april 2010.

Vennligst referer til Skift.no i søknaden.

Send AD SKIFT 17928 til 1986 for å få stillingen tilsendt din mobil. (1 kr.)

Fakta om stillingen

Firma Bioforsk
Nettside Trykk her
Sted 2849 Kapp
Tittel Avdelingsleiar/forskingsleiar, Bioforsk
Kategori Administrasjon/Kontor/Personal
  Administrativ ledelse
Kategori Forskning/Utvikling
  FoU naturvitenskap og teknikk

Kontakt

Kontakt Håkon Skarstad
Tittel avdelingsleiar
E-post haakon.skarstad@bioforsk.no
Mobil 406 22 926

Kontakt

Kontakt Ingvar Hage
Tittel direktør
E-post ingvar.hage@bioforsk.no
Mobil 917 79 022.
Media Total AS, Bredalsmarken 15/17, 5006 Bergen, Telefon 815 44 110
Mail: post@mediatotal.no Postadresse: Postboks 2605 Møhlenpris, 5836 Bergen
© 2010 Media Total AS
Personvernerklæring