Rektor - Ulstein vidaregåande skule, Møre og Romsdal fylkeskommune

Kode: 17964
Denne annonsen er utgått på dato

Rektor - Ulstein vidaregåande skule

Ulstein vidaregåande skule

Ulstein vidaregåande skule er lokalisert i Ulstein kommune, i nye og renoverte lokale i nærleiken av Høddvoll Stadion, med sine ulike idrettsanlegg. Skulen har følgjande programområde: Studiespesialiserande, Idrettsfag, Service og samferdsle, IKT Servicefag, Elektrofag, TAF Mekaniske fag og påbygging til generell studiekompetanse.

Skulen er ein del av ein allsidig og spanande region som mellom anna omfattar Noregs mest vitale industrielle maritime miljø. Skulen har lange tradisjonar for eit godt samarbeid både med lokalsamfunnet, det maritime miljøet og næringslivet elles. Regionen har gode rekreasjonsområde med nærleik til kysten og til Sunnmørsalpane gjennom det nye fastlandssambandet søraustover, "Eiksundsambandet", som knyter saman ein region med meir enn 40.000 innbyggarar.Sjå meir om skulen på www.ulstein.vgs.no

Ved skolen er det frå 01.08.10 ledig stilling som

Rektor

Vi ønskjer ein erfaren leiar som

* er utviklingsorientert, tydeleg og samlande og har erfaring frå endringsarbeid

* har pedagogisk kompetanse og god innsikt i vidaregåande opplæring

* kan samarbeide med medarbeidarar og elevar om å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø

* kan bidra til at elevane får opplæring med utgangspunkt i mål i læreplanar og eigne føresetnader

* har evne til å kommunisere, er initiativrik og har godt humør

Vi tilbyr utfordrande og interessante arbeidsoppgåver, etterutdanning innan skuleleiing, løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar for tilsette. Arbeidsgivar dekkjer ein stor del av premien, medan arbeidstakar blir trekt 2% av løna til innskott til forsikringsordninga. Tilsettinga skjer på fylkeskommunale vilkår i tråd med gjeldande lover, avtaler og reglement. Den som blir tilsett må levere politiattest jf. Opplæringslova § 10-9. Vi gjør merksam på at søkarlista kan bli offentleg sjølv om søkar ber om anonymitet jf. Offentleglova § 25, 2 punktum. I så tilfelle vil vi kontakte søkaren før offentleggjøring.

For nærare opplysningar om stillinga kontakt fylkesutdanningssjef Per Hoem tlf. 71 25 87 85 eller mob. 950 65 597 eller leiar adm.stab Line Sandøy Hjelle tlf. 71 25 86 94.

Møre og Romsdal fylke nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber difor om at du sender elektronisk søknad. Søknadsskjema finn du på www.mrfylke.no/utlysing

Søknadsfrist er 24. mars 2010.

 

Vennligst referer til Skift.no i søknaden.

Send AD SKIFT 17964 til 1986 for å få stillingen tilsendt din mobil. (1 kr.)

Fakta om stillingen

Firma Møre Og Romsdal Fylkeskommune
Nettside Trykk her
Sted Ulstein
Tittel Rektor - Ulstein vidaregåande skule, Møre og Romsdal fylkeskommune
Kategori Utdanning/Undervisn./Forskn.
  Annet
Kategori Offentlige tj./Forvaltning
  Offentlige lederstillinger

Kontakt

Kontakt Line Sandøy Hjelle
E-post line.sandoy.hjelle@mrfylke.no
Telefon 71 25 86 94

Kontakt

Kontakt Per Hoem
Tittel fylkesutdanningsdirektør
Telefon 71 25 87 85
Mobil 950 65 597
Media Total AS, Bredalsmarken 15/17, 5006 Bergen, Telefon 815 44 110
Mail: post@mediatotal.no Postadresse: Postboks 2605 Møhlenpris, 5836 Bergen
© 2010 Media Total AS
Personvernerklæring